Adventist sette ny «presterekord»

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mai 2015

Vidar Hovden debuterte i
Konradløpet i 2013, i ein alder av kring 40 år. Debuten gjekk framifrå med
19.44 som sluttid. Året etter var han på plass igjen. Den personlege
bestenoteringa vart redusert med 25 sekund, til 19.19.

Men 2015 skulle vise seg å
bli enno betre for Vidar. Han senka «presterekorden» til 18.21, etter eit løp
der han pressa bestenoteringa si ned med heile 58 sekund. Og han fekk
Konradmedaljen i sølv for sitt tredje løp, på ein dag der han også bidrog frå
scenekanten med god klassisk musikk på morgonkvisten.

Neste mål for Vidar Hovden
kan kanskje vere dyrlegerekorden til Niek Schreijer på 17.55…?

Uansett, utviklinga til
Vidar Hovden er glimrande. Her er tala samla:

2013: 19.44

2014: 19.19

2015: 18.21

Vi gir også ros til Kyrkja den Norske.
  Sterkt levert å få både organist Rose Iren Stave og
soknerådsmedlem Svein Erik Kampenes godt innanfor beste tredjedelen. Og om
ikkje alle veit det, mor til damevinnar Anna Elise Ullavik Sylte – ja, ho har arbeidsstaden
sin i kyrkja.