Når alderdomen sluttar bite…..

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mai 2015

arkiv: Konradløpet i 2013
Vi kan like det eller
ikkje. Men det er heilt normalt at personar som passerer 70 år byrjar tape seg
på ymse felt. Ikkje minst på det fysiske plan.

Men heldigvis finst det unntak.
Vi har leita fram Jarle Konrad Fausa sin statistikk i dei siste seks åra. Ein smått imponerande statistikk – nei, det vart
for mildt.
  Ein sensasjonell statistikk
 er rette orda. Les sjølv:

2010: 23.44 som 70-åring

2011: 23.38 som 71-åring

2012: 23.02 som 72-åring

2013: 23.22 som 73-åring

2014: 23.26 som 74-åring

2015: 23.06 som 75-åring

11.mai, fyller mannen som
tilsynelatande har klart stoppa aldringa av eigen kropp, 75 år.

Greitt nok at mannen går
fjellturar og har tredemølle i kjellaren, men ver klar over; DETTE KJEM IKKJE
AV SEG SJØLV!

Velledalen IL gratulerer
den føreståande jubilanten, og einaste Konraden under hovudløpet i 2015! Dei
som ikkje nyttar «like-tasten» her, bør anten avvikle eiga facebook-side eller
koble ut knappen.

KRUTSTERKT, JARLE!!