Velledalen sitt Kenya
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2015
Kjem du eksempelvis frå Stranda
tek du av 90 grader til venstre i krysset som før
vart omtala som «ved Øyegarasja». Du køyrer over brua til «Gartnerikrysset»,
der Bjørg og Per Henning Hole bur. I dette
krysset tek du til høgre. Så køyrer du nokre hundre meter nedover dalen.
Her bør du slakke på, då du no er komen til Velledalen sitt Kenya. Det er
nemleg her dei beste løparane i Velledalen har samla seg.
Beste herreløparen heiter Kjell Magnar Berli.
Han sprang Konradløpet på 15.20 i 2014, noko som
heldt til tredjeplass totalt. I år pressa han seg ned til 15.16, og rykte opp
til andreplass. I same hus som Kjell Magnar finn vi Karstein Jensen. Nordlending,
som i løpet av to år pressa Konradtida
si kraftig ned. Frå i overkant av 25 minutt i 2012, til så vidt over 20 i 2014. Dette i ein alder
av godt over 50 år.
I heimen til Berli/Jensen driv ein oppdrett av hund.
Rasehundar. Berre eit saftig steinkast unna finn ein
heimen til Olga Sørensen, som på hobbybasis driv oppdrett av katt. Rasekattar.
På rekordtid har Olga utvikla seg til å bli den beste kvinnelege løparen i
Velledalen. I 2014 kom ho ikkje inn på Konradløpet si resultatliste (kring 1/3
av løparane). I år sprang ho på 20.24,
vart nummer 41 av 334 startande, og vart sjuande beste kvinne totalt – og klart
beste kvinna frå Velledalen.
Under Konradløpet 2015 vart det sett få nasjonale
rekordar.
Faktisk berre éin. Og det
var den russiske, der Maxim Gerashenko sin rekord lydande på 22.12 frå året
2011 fall. Fall med glans og overteken av ei kvinne, Olga Sørensen.
Den nye rekordhaldaren seier til
VIL-Nett at ho hatar springing, men liker yoga mykje betre. Ho har ei sportsleg
fortid som symjar. Dei veit vi
KAN
dette med trening.
Uansett, Olga Sørensen var eit av dei
desidert friskaste pusta under den 14. utgåva av Konradløpet. Og vi trur sågar ho har meir
inne – viss ho vil!