Godt jobba – friidrettsleiaren takkar
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2015
Vi har hatt ein særs nøgd
friidrettsleiar, Alf Petter Bøe, på tråden. Ein mann som ikkje ligg på latsida.
Konradløpa er over, men alt komande helg skal Velledalen IL stille lag i
Holmenkollstafetten. Der er målet å forsvare premieplassen som laget greidde i
come back-sesongen 2014.
Men tilbake til vår eigen
friidrettsleiar som sjølv kom inn på fine 16.59 og 11.plass under
stormønstringa med start og mål på Brunstad.
- Kva vil du ut med til folket, Alf Petter?
- Det er tid for å
takke for store og små tenester30.april og 1.mai
- Fyr laus du.
- Ja, då vil eg
takke alle som bidrog. Både medlemar og ikkje-medlemar. Med minkande medlemstal
er det eit stort puslespel som skal syast i hop. Somme har jobba i mange døgn
med arrangementet, andre har kanskje eit oppdrag som tok 15 minutt. Men eg vil
presisere:
TAKK TIL ALLE!
- Noko som ikkje gjekk bra?
- Tilbakemeldingane
er generelt sett gode. Men det var deltakarrekord under Minikonrad. Der vart
det for lite mat, diverre, men likevel eit faktum. Kan difor vere på sin plass
med ekstra takk til dei som ikkje er medlemar, men melde seg sjølve til gode
gjerningar. Tenkjer då på slike som Svanhild Brunstad Elsa Welle og Bjarne
Hole. Også varm takk til frivillige kakebakarar; Anita Mosby Nakken Solbjørg
Brunstad og Liv Nordli Hole.
-
Kva gledde deg mest under årets arrangement?
-
Det
må vere mangfaldet. Frå nyfødde til 88-åringar. Frå Funksjonshemma til friske.
Frå topptrena til utrena. Alle fann sin naturlege plass i rekkjene.
-
Noko du hadde ynskt deltakarane vart
flinkare på?
-
Det
må i så fall vere å melde seg på før. Tenk over at det er nokon som skal planlegge dette. Når 1/3 av deltakarane melder seg på siste døgnet (35 same
morgon som løpet) er ikkje dette bra. Med tanke på det som skjer på grendahuset
etter løpet, burde det truleg vore sett sluttstrek ved 350 påmelde i
hovudløpet. På litt sikt kan det då faktisk skje at løpet vert fullteikna før
etternølarane får meldt seg på.
FAKTA KONRADLØPA 2015:
·
Minkonrad:
162 deltakarar
·
Konradløpet
1.mai: 334 deltakarar
·
Påskekonrad:
6 deltakarar
·
Oslokonrad:
7 deltakarar
·
Slovakiakonrad
2 deltakarar
·
Samla
for 2015: 511 deltakarar