Konradløpet har vorte internasjonalt!
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2015
Og har ein ikkje moglegheit til å vere i Velledalen på det
tidspunktet, nei då må ein rett og slett arrangere det sjølv. Ein kan jo
ikkje gå glipp av årets viktigaste hending, berre fordi ein ikkje er heime!
I god tru om at eg skulle klare å få med meg fleire til å springe, spurte eg
alle i studiegruppa mi om dei kunne tenkje seg å bli med. Svara eg fekk var
ikkje akkurat av det positive slaget:
-
Kl. 05.00 om
MORGENEN?
-
Er du helt gal,
hvem gjør det frivillig?
-
Jeg hadde ikke
engang
vurdert det om du hadde bakt verdens beste pai til meg!
Men heldigvis ville venninna mi Ida prøve ut dette
fenomenet. Ho kjem frå ei lita bygd i Vaksdal kommune i Hordaland, som er omlag
akkurat like stor som Velledalen.
Ikkje veit eg, men kanskje må ein vere frå ein liten plass for å sjå gleda i
slike påfunn?
Løypa gjekk i naturskjønne omgivnadar heilt i utkanten av byen, og i løpet av
ca. 4,5 km fekk vi jogga både på smale asfaltvegar, turstiar, over bekkar og i
traktorspor mellom mange jorder. Småfuglane kvitra og gauken gol, men prikken
over i-en var utan tvil den magiske soloppgangen heilt i slutten av løpet, som
varma både kropp og sinn.
Konradløp-debutanten Ida kunne etter løpet komme med følgjande kommentar:
-
Eg kjem til å
vakne opp om nokre timar og tru at eg har drøymt. Dette var ei herleg og
forfriskande oppleving, med flott natur og ein nydeleg soloppgang. Og det var
faktisk ikkje så vanskeleg å stå opp som eg først hadde trudd. Å stå opp til
forelesning kvar dag er mykje, mykje verre!
Christina Linnéa Holmberg,
Slovakia