Farsotten breier om seg

    Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2015

    Konradløpa breier om seg.
    Sykkylvspateriotane Christina Holmberg og Hilde Riksheim Tandstad syter for
    det. Legestudent Christina var med på stuntet i Oslo i fjor, saman med Hilde. I
    år skipa ho til sitt eige Konradløp i Slovakia, med to(!) deltakarar.

    Dette var like mange som
    osloutgåva av Konradløpet samla i 2014. I år tromma Hilde saman til nytt løp
    rundt Østensjøvannet, og deltakinga auka frå to i fjor til sju i år. Rykta
    seier at det skulle vere kanelsnurrar etter løpet. Vi hungrar etter ein
    rapport.

    I Slovakia veit vi at
    begge deltakarane i Konradløpet 2015 var kvinner. Om det fanst nokon Konrad
    mellom dei startande i Oslo, veit vi førebels lite om. Her i Sykkylven hadde vi
    for fyrste gong ein sykkylvsk Konrad (Strømmegjerde Helle) mellom dei startande
    i Minikonrad. I hovudløpet 1. mai hadde ingen med Konrad som førenamn, men
    Jarle Konrad Fausa kasta glans over namnet på framifrå måte

    Deltakaroversikt:


     ·
      

     2 deltakarar i
    Slovakia


     ·
      

     7 deltakarar i
    Oslo


     ·
      

     162 deltakarar i
    Minikonrad


     ·
      

     Ca 320 i
    Konradløpet 1.mai. Kjem tilbake med eksakt tal når vi har fått oversikt over
    strykningane – som det heiter i hestesporten


     ·
      

     Den gamle
    deltakarrekorden var på 464, så GRATULERER til alle som bidrog – den tok vi!!!