Konradløpet 2015 – Påmeldingsnytt nr.15
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Apr 2015
Vi har før
meldt om fleire purunge deltakarar i årets Konradløp. Så unge at nokre av dei
vil ligge i vogn. Men spennvidda i alder er høg. I løpet av nokre timar melde
tre menn over 80 år seg til deltaking.
To av desse,
Paul Hole og Magnus Ødegård, er «local lads» og vel kjende for dei fleste av
lesarane våre. Karstein Sørland kjem frå Emblem, men har vore her fleire gonger
før, og er såleis vel kjend både med arrangement og løypa.
Rekorden er
seks utøvarar over 80 år. Kor mange superveteranar som stiller i 2015 veit vi
enno ikkje. Vi kan fort gjort kome til å snuse på rekorden