Sentrumsløpet 2015
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2015
Konradløpet har litt å strekke seg etter
Her kjem ein løpsrapport frå lokale deltakarar under Sentrumsløpet i
går.
Tre spreke sæsskarar stilte til start - Kjetil, Steinar og Per Olav
Sætre.
Per Olav viste at dei eldste framleis er best, og vart klokka inn på sterke
40:06.
Steinar sprang på 42:46. Ei solid tid, sjølv om han berre var delvis nøgd ved
målgong. Yngstebror Kjetil fekk tida 45:50. Ein ting er i alle fall
sikkert: det ligg mykje prestisje i eit slikt brødreoppgjer.
Sjøl kom eg i mål på 43:47, ei OK tid til å vere 10km-debut. Opna litt for
hardt dei første 5 km, og var heilt i "ørska" og halvsvime siste
halvdel.
Likevel ei kjekk oppleving, og ei tid som skal forbetrast i løpet av
sesongen.
Alle var samde i at det var ein vond, men fin tur i lag med 10000 andre løparar.
Resultatlista viser at også Rolf Haxthow representerte VIL, og kom i mål på
49:06.
Hilde