Konradløpet 2015: Ingen politiske «storfiskar»
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2015
Konradløpet har også ei
politisk side. Særleg dei åra det er valår, merkar arrangøren eit lite
oppsving. Og 2015 er valår.
Pr. 26. april, klokka
08.00 om morgonen, fann vi fylgjande kommunestyrerepresentantar i Sykkylven på
deltakarlista:
Per-Gunnar Holmberg, KRF
Eldar Høidal, SV
Robin Urke Brunstad, SP
Jan Ove Skogvold, H
Det kan fort gjort bli
langt fleire før løpsstart 1.mai klokka 05.00
Det har kome nokre
spørsmål om ordførarrekorden, og om den kan vi gi fylgjande orientering:
Jan Kåre Aurdal, KRF, har denne i rekorden.
I 2003 gjorde han unna Konradløpet på 30.52, og denne tida har ingen andre
ordførarar i ettertid vore i nærleiken av. Om noverande ordførar Petter Lyshol
ynskjer prøve, kan han sette opp eit rekordskjema i fred og ro på kontoret dei
næraste dagane. Han må i så fall halde i underkant av sju minutt pr. kilometer.
Rykta seier at i Norddal kommune finst ein
ordførar – rettare sagt ein kar ved namn Berdal som har vore ordførar i deler
av siste perioden – som lett hadde teke denne rekorden. Finst gjer dei nok både
her og der, men dei må kome seg opp av senga. Vi tippar Jan Kåre Aurdal sin
ordførarrekord vil overleve også 2015!
Vi nemner som avslutning
at Rolf Haxthow (SV) har den beste politiske tida i Konradløpet med 17.47,
notert i 2008, men dei politiske storfikane manglar.