Konradløpet 2015 – Påmeldingsnytt nr.14
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Apr 2015
Påmeldingane sig jamt inn
til den 14. utgåva av Konradløpet. Fredag 24. april vart ein god veterandag i
så måte.
Per Svein Tandstad var
tidleg ute med påmelding nummer 100 til årets løp. Seinare same dag kom kjende
namn som Olaf Øien, Knut Kalvatn, Terje Aurdal, Jens Petter Riksem og Asbjørn
Tandstad.
Denne sekstetten, som alle
melde seg på same dag, har ein snittalder på ganske nøyaktig 65 år. Per Svein
Tandstad og Olaf Øien er begge godt over 70. Såleis er dei midt i målgruppa til
Konradløpet. Farta er ikkje – og har aldri vore – det viktigaste i Konradløpet.
Her kan alle delta i sitt tempo. Den aller største prestasjonen er å kome seg
ut av sengjavarmen. Den nest største er å fullføre 4500 meter. Det kan dei
fleste klare, anten ein er overvektig og utrena og brukar 40 minutt på turen,
eller ein er ung og viril og kryssar mållina på knappe 16.
-Helse i kvar meter, som det står på t-skjortene.
I dag er det tunge
kroppsarbeidet borte. Dette gjorde at menn i 70-, 60- eller 50-åra ikkje trong
drive fysisk trening i same grad for nokre tiår sidan. Ikkje i 40-åra heller
for den saks skuld. Og slett ikkje kvinner. No er det annleis. Trass eit meir
stillesitjande arbeidsliv, er mange meir medvitne det sunne, dei er aktive langt
inn i pensjonsalderen og gjennomsnittleg levealder aukar. Konradløpet, og dei
ideala Konrad levde etter i sine 15-20 siste leveår, bygg opp under samfunnsutviklinga.
Du er velkomen med på laget:
-GI LIVET
EIT LØFT – DELTA I KONRADLØPET !!