Konradløpet 2015 – Påmeldingsnytt nr 12
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Apr 2015
Dei aller
fleste åra har Konradløpet hatt kvinnefleirtal. I 2014 kom 168 kvinner til mål
i hovudløpet (start 05.00) mot 152 menn.
Så lang i år
har ikkje påmeldingane halde tritt med trenden. Sundag kveld, 19. april, hadde
90 deltakarar meldt seg til deltaking i hovudløpet. 54 av desse menn, 36
kvinner. Alt tyder på at mannfolka vil ha revansje i år.
Men enno er
det tidleg. Vi veit av erfaring frå tidlegare at tyngda melder seg på dei siste
dagane. Så kvinnene har god tid på seg til å snu trenden. Men at mannfolka har
opna mest optimistisk på påmeldingssida, det er eit faktum. Det gjeld berre å
stå distansen.