Meir om Oslo-Konrad
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Apr 2015
Det nærmar seg 1. mai, med
Konradløp i Velledalen og Oslo.
I Velledalen starta
tradisjonen i 2002, i Oslo starta Hilde Riksheim Tandstad og Christina Holmberg
opp i 2014. Dette året er Christina oppteken med studiar i utlandet, men Hilde
fører tradisjonen vidare. Vi i heimbygda er umåteleg glade for akkurat det.
Her kjem ei oppdatering om
løpet i Oslo, sendt på e-post av Hilde:
- Løpet går nøyaktig som i fjor. 1.mai kl. 05.00 rundt
Østensjøvannet. Felles, symbolsk
jogging rundt vatnet. Aerobicoppvarming frå
04.50. Løypa måler 4,5 km, altså så likt orginalen som ein kan få det i Oslo.
Lurer du på noko, så kontakt Hilde på 478 62 412.
Velledalen IL håper rett
mange vert med, og at nokon ser seg syn med å spandere frukost på Hilde som
fører løpet vidare. Vi trur Oslo-Konrad veks meir enn Sykkylven-Konrad i 2015 - i alle fall i prosent.