Konradløpet 2015 – Påmeldingsnytt nr 11

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Apr 2015

Mange melder seg på, medan
andre melder frå at dei ikkje kjem. Og
denne gongen skriv vi om nokre av dei sprekaste i Konradløpet

I dag kan vi rapportere at
toppduoen frå 2009, Knut Lium og Sverre Gunnar Brunstad, begge har meldt frå at
dei ikkje kjem til årets Konradløp. I 2009 vann Lium på sterke 15.07, føre
Brunstadekspressen som hadde 15.17.

Tida til Sverre Gunnar
Brunstad frå 2009 er den sterkaste tida notert av ein velledaling nokon gong.
Men Kjell Magnar Berli var berre tre sekund bak i fjor (15.20), og kan vere
truande til å overta velledalsrekorden. Nils Terje Skylstad, som vann i 2002,
2003 og 2004, har 15.29 som bestetid

Lium kom tilbake til
Konradløpet også i 2010. Ny siger. Då på 15.38.

Men i 2015 må vi altså
greie oss utan sterke karar som Knut Lium og Sverre Gunnar Brunstad. Sistnemnde
sette nyleg ny bestenotering på maratondistansen i Rotterdam.