Konradløpet 2015 – Påmeldingsnytt nr. 10
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Apr 2015
I 2014 samla
Konradløpet heile 95 debutantar. Hittil i år er langt frå så mange, men vi veit
at påmeldingane er klart flest dei siste dagane.
Og vi kan
nemne eit par av debutantane vi har på lista. Frå Kristiansund har vi ikkje
hatt mange deltakarar tidlegare – kanskje ingen. Men i år har Stig Skogvold
Marsteen meldt seg på frå nordmørsbyen. Ikkje veit vi, men namnet tyder på at
han har slekt i Velledalen.
Også frå
Putney i London har det kome påmelding. Av ingen ringare enn Trond Ulvestad,
son til Odd og Randi. Og der er vi heilt sikre; deltakarar frå London er slett
ikkje kvardagskost. Enkelte vil hugse Trond frå hans unge år i Sykkylven som eit
talent i fleire idrettar.
Arrangøren av
Konradløpet er særs happy over å ha Stig frå Kristiansund og Trond frå London
på deltakarlista. Mangfaldet ser ut til å bli rikt også i 2015.