Trio har meldt seg

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Apr 2015

Minikonrad og Konradløpet
krev mange personar i sving for å sikre ei god avvikling. Difor er det ekstra
gledeleg at personar sjølve melder seg til frivillig innsats. Dei tre som
hittil har gjort dette er rettelege seniorar, eller veteranar om du vil

Desse har til no ei kjempestor stjerne i margen:

Bjarne Hole:

Vil hjelpe til som parkeringsvakt

Elsa Welle:

Vil hjelpe til med kjøkkenteneste

Svanhild Brunstad:
  Vil hjelpe til med kjøkkenteneste

Stor takk til desse tre.
Vil fleire fylgje i trioen sine spor melder dei frå til: Marit Hole, Alf Petter
Bøe eller Atle Hole.