Roalden Opp laurdag 18. april
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Apr 2015
Kraftprøve og kraftprøve
fru Blom, dette vert alt kva ein gjer det til sjølv. Rennet har ei
mosjonsklasse, og utan tidspress kan dei fleste greie stigninga frå 430 meter
til 1230 meter over havet. Men den såkalla eliteklassa, der ein går på tid,
vert nok ei tøff affære.
Påmeldinga er renndagen
(18. april) i tidsrommet klokka 09.00 – 10.00. Startkontingenten er 100 kroner
for junior og 200 kroner for andre. Det vert meldt om flotte premiar mellom
anna frå Stranda Skisenter, Stranda Booking/Feriesenter og Stranda Hotel.
Starttidspunktet er ikkje oppgitt i annonsa i Sunnmøringen, der vi har henta
opplysningane.
Om dette er midt i blinken
for karar som Kjell Magnar Berli og Svein Arne Nakken vitast ikkje. Sikkert er
det at ein kan tøme seg oppover med godt samvit. Ned att kan ein nemleg ta
gondolheis. Sutalaust, kort og godt!