Konradløpet 2015 – Påmeldingsnytt nr 7

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Apr 2015

I skrivande stund er det
hårfint mindre enn tre veker til Konradløpet 2015. Påmeldingane sig jamt inn,
men det er ikkje «dei skarpaste knivane i skuffa» som er fyrst ute med
påmeldinga, om nokon måtte tru det.

Hadde løpet blitt
arrangert i dag, hadde dameklassa vore totalt vidopa. Ingen person som
tidlegare har vore på pallen (mellom dei tre beste), er hittil påmelde. Kanskje
held vi ein liten knapp på Fride Oksavik Tandstad som den hittil kvassaste mellom
alle av hokjønn på deltakarlista.

I herreklassa er det litt
enklare. Her skil to mann seg ut. Hadde løpet gått i dag, hadde det ganske
sikkert vorte velledalssiger ved Kjell Magnar Berli. Og nærast, kan vi nesten
garantere Kondis sin mann, Martin Hauge Nilsen, som bur i Ulsteinvik.

Av erfaring veit vi at det
er to siste dagane dei fleste melder seg på. Vi skulle sjølvsagt ynskt folk var
før ute, slik at vi hadde betre grunnlag på eit tidleg stadium og vurdere kor
mange premiar vi måtte ha, kor mykje frukostmat vi treng, kor mykje drikke som
går på drikkestasjonen, med meir. Men vi får tru det vert som før; meir eller
mindre stinn brakke!

Elles seier rykta at
Petter Lyshol kan kome til å gjere eit forsøk på å slette Jan Kåre Aurdal sin
ordførarrekord. Det er valår i 2015, så kvifor ikkje.