Kortreiste premiar i Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Apr 2015
Og Henrik Johan har sett
litt av kvart gjennom livet, mellom anna etter eit lengre opphald i Amerika.
Men tilbake til premiane - eller rettare; premien til beste kvinne og beste mann under Konradløpet 1.mai.
Trearbeidet er gjort av Ingvart Nilsen, målinga som lyfter produktet opp i
verdstoppen er signert Solveig Hopland si stødige hand. Begge busette i
Sykkylven.
I fjor hamna to liknande
premiar i Bardufoss (Håkon Melseth) og Ålesund (Kari-Anne Tryggestad Ryste).
Men Håkon har sterke slektskapsband til Sykkylven (son av Frank Melseth), medan
Kari-Anne av opphav kjem frå Stranda kommune og representerer Sunnylven IL.
Ingen av dei to
fjorårsvinnarane er førebels påmelde. Kvar praktpremiane hamnar er uråd å spå,
tre veker før startskotet smell.
I same slengen nemner vi
at stort sett alle premiar i Konradløpet er kortreiste. Lokalt næringsliv
sponsar det meste, medan premiane til Minikonrad er kjøpt gjennom eit firma med
tilhald i Vik i Sogn.
Smell inn ei påmelding du
også – enno har du tre veker der forma kan finjusterast.