Sykkylven Rundt 23. august
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Apr 2015
Arkivfoto: Sykkylven rundt 2014
Tre etappar på sykkel, tre
på løp, med samla løypelengd på drygt 50 kilometer. På den lengste springeetappen,
frå Velledalen grendahus til Lade Møbelfabrikk, kan ein om ein vil bruke inntil
15 personar. På denne etappen bør laga sleppe til mange born.
Stafetten «Sykkylven Rundt» samla i 2013 elleve lag,
men fekk ein klar nedgang med berre sju lag i 2014. Velledalen IL har hatt lag
begge desse åra, med fjerde plass i 2013 og andreplass i 2014 på tida 1.53.50.
Sjølv om det langt frå
viktigaste er å vinne, har arrangementet ein eigen vandrepokal. Fyrste napp i
pokalen gjekk til Sykkylven Sykkelklubb i 2013, medan FK Sykkylven var best i
2014.
Det er bestemt at starten
i 2015 skal gå klokka 14.00 frå Velledalen grendahus.
Arrangementet er i
hovudsak eit fellesarrangement mellom Sykkylven Sykkelklubb og Velledalen IL.
Stamina er også med i det gode selskap, men i hovudsak berre arrangementsdagen.
I fjor hadde arrangementet
i utgangspunktet eiga dameklasse, men ingen lag stilte. Greier Velledalen IL
stille reint damelag i år….?