Fem damer og Kjell på Bruna
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Apr 2015
Bruna trimpost i
Straumgjerde har siste åra vore den klart best besøkte av Velledalen IL sine 14
postar. Mykje tyder på at denne trenden held fram i 2015. I alle fall er nivået
skyhøgt halvvegs. Dei tre på topp har i snitt meir enn 1 tur pr. dag. Ein
formidabel prestasjon, med tanke på at det også har vore vinter og tunge
forhold i deler av sesongen som no ligg bak oss.
Meldaren vår har sendt inn
desse resultata – 2. påskedag klokka 14.30 var stoda slik:
270 turar: Inger Riksheim
254 turar: Anne Merete
Hjorthol
210 turar: Solveig Olsen
111 turar: Anne-Lise
Hjelle
87 turar: Kjell Olsen
72 turar: Anita Mosby Nakken
Ekstra ros til Kjell Olsen
som er einaste mann som har kjempa seg inn på topp-6 lista mellom spreke
kvinner