Klubbrekord for Velledalen IL

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mar 2015

Kjell Magnar Berli sette
ny klubbrekord for Velledalen IL i Birkebeinerrennet med tida 3.03.33. Ei lett
tid å hugse. Denne rekorden sette han i sitt tredje løp. Framgangen er enorm.
Også Karstein Jensen persa, medan Svein Arne Nakken så vidt vi veit gjorde sitt
nest beste renn tidsmessig. Her er fakta:

KJELL MAGNAR BERLI:

2013: Nr. 317 i klassa med
tida 3.52.52 – greidde merkekravet med ganske knapp margin

2015; Nr. 104 i klassa med
tida 3.03.33 – merkekrav 3.39.06 (løyvde
i overkant av 35 minutt)

SVEIN ARNE NAKKEN:

2013: Nr. 134 i klassa med
tida 3.30.51

2015: Nr 145 i klassa med
tida 3.09.17 – merkekrav3.38.20 (løyvde kring 29 minutt).

KARSTEIN JENSEN:

2013: plassering ukjent - tid: 5.45.55

2015: Nr 728 i klasse
55-59 år med tida 5.11.21 – pers med over 34 minutt

For klubbrekordhaldaren
bør det vere to naturlege mål dei næraste åra


 1.
  


 Gå rennet på under tre timar


 2.
  


 Verte mellom dei 100 beste i eiga klasse

Punkt 1 er sjølvsagt svært
avhengig av føret. Punkt 2 kan fort gjort vere ein realitet alt i 2016.