Maratonkvinne frå Velledalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Mar 2015

Arkivfoto hausten 2014, frå 10 for Grethe i Oslo
 Torild Hole er ikkje
fyrste velledalingen som gir seg i kast med Roma Maraton. Men ho er kanskje den
modigaste. Sverre Gunnar Brunstad, også kalla Brunstadekspressen, er nemleg ein
godt trena mann. Vi har mistanke om at det kosta han mindre og fullføre heil
maraton, enn det kosta Torild å fullføre halve løpet.

Frå Roma har det tikka inn
melding om at Holekvinna har fullført 21 097 meter på 3.15.00, eller
omgjort til såkalla «real time» 3.10.23. Seinare på dag tikka maratontida inn: 6.48.18 i "real time."

Vi reknar med neste mål
vert å sprengje tre timars grensa på halvmaraton og under seks timar på heil. Med litt trening med «Team Bøe», kan det gå i boks i løpet av året. Vi gratulerer Torild, pluss støtteapparatet, med det vi
vil omtale som ein MODIG debut.

Med andre ord ei god
sportsleg kvinnehelg i Velledalen. Eldrid Myhre sin sterke «FredagsBirk» på
fredag 20.mars, før Torild Hole debuterte med ein saftig heilmaraton som nok vil ryste kroppen
  berre to dagar seinare.

Etter ei slik helg er det naturleg spørsmålet: Kva vert det neste…?