Kan bli historisk 20.mars
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Mar 2015
20. mars står det ei
velledalskvinne mellom nokre tusen andre på Tingstadjordet på Rena. Dama skal
gå Fredagsbirken, eit supert alternativ til dei som ikkje har gått
seedingsrenn.
Saka er nemleg den at
Eldrid Myhre hadde fått sein puljestart om ho gjekk det ordinære
Birkebeinerrennet laurdag 21. mars. Så seint at kanskje 10 000-12 000
løparar hadde gått før henne i sporet. Dermed hadde forholda vorte dårlege.
Ved å gå Fredagsbirken får
ho gode forhold heile vegen , og rennet er akkurat det same. Skilnaden er at ho
er ikkje med i kampen om merkekravet i hennar årsklasse. I det ordinære rennet
ville Eldrid gått i klasse 60-64 år, i Fredagsbirken må ho gå mot vesentleg
yngre medsøstre, i klasse K 40+, som vil seie at alle kvinner over 40 år går i
same klasse.
Modig gjort.
Det er modig gjort å debutere som 60-åring. Men Eldrid har vore skiløpar heile
livet, og kan fort gjort bli ein ivrig Birkebeinar. Slik som utflytte Marit
Ellen Josefsen, som er tre år yngre enn Eldrid. Den tidlegare Ikornnes
IL-løparen har åtte merke på åtte startar. Som tenåring var ho ivrig skiløpar i
lokale renn, på same måten som Eldrid var det, som aktiv for Valldal IL. Ho var
til og med KM-vinnar i langrenn som tenåring, då under etternamnet Berli. Som
vi alle veit har vorte eit godt idrettsnamn i Velledalen.
Fredag 20. mars klokka
08.40 startar Eldrid Myhre frå Tingstadjordet på Rena. Som debutant i
birkebeinerløypa. Kryss fingrane for Eldrid, og send gjerne gode tankar i løpet
av dagen.
Fullfører ho, har ho gjort
ein prestasjon ingen anna velledalskvinne har gjort før henne.
VIL-Nett ynskjer henne
MASSE LUKKE TIL PÅ TUREN!