Kva har Karstein Jensen felles med Jonas Gahr Støre?

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Mar 2015

Eller vi kunne like godt
spurt slik:

-Kva har Karstein Jensen
felles med trioen Jonas Gahr Støre, Arve Tellefsen og Jon Almaas?

Svaret er at alle fire
laurdag morgon stiller på startstreken på Rena for å gå Birkebeinerrennet.
Korleis dette går får du svaret på her på VIL-Nett, der det komande laurdag
vert Birkebeinerlaurdag med tunge oppdateringa på nettsida frå klokka 09.00. Då
har veteranane Berth Wilhelmsen, Paul Tronstad, Ole Magnar Øvrebust og Per Even
Kleive vore ute i 90 minutt (startar 07.30).

Aller mest spente er vi på
våre eigne løparar. Denne gongen ser det ut som det vert tre karar som skal
representere Velledalen IL:

Kjell Magnar Berli - startnummer 1684, starttid 08.10

Svein Arne Nakken - startnummer 1908, starttid 08.10

Karstein Magne Jensen - startnummer 10912, starttid 09.25

Men vi skal fylgje mange
andre, eksempelvis Fridtjof Fredriksen, Knut Anders Hatlen, Jan Egil Årnes,
Berth Wilhelmsen, Torstein Hole. Av damer nemner vi Marit Ellen Josefsen,
utflytta sykkylvsdame med åtte merke på åtte startar.

Tips oss om personar som
går rennet, eller personar vi bør fylgje opp med passeringstider:

atlehole@online.no – tlf 917 43 761.