UM-gull til Herman

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Mar 2015

Herman Velle Aurdal vann
gull i kule under UM i Ulsteinhallen sist helg. Hermann, med slektskapsgen frå
Velledalen på morssida, viste med dette at han er best i landet i klasse G-16.

Karoline Kurseth, også ho Sykkylven IL, vart
nummer tre i kule i klasse J 15.

Vi nemner i same slengen
at Herman Velle Aurdal har fått tilbod om å vere premieutdelar under årets
Minikonrad i Velledalen grendahus 30. april. I fjor var det NM-vinnar på ski,
Martine Lorgen Øvrebust frå Stordal, som hadde denne jobben.