Konradløpet 2015 – Påmeldingsnytt nr.4
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mar 2015
I dag ynskjer vi Ellinor
Brunstad velkomen mellom dei påmelde. Ellinor er mellom dei faste, trufaste,
som aldri sviktar. Lars Inge Sæther sin glimrande statistikk seier at Ellinor
har delteke 13 gonger av 13 mulege. Mannen, Kjell Arne Brunstad, fylgjer hakk i
hæl med 12 deltakingar.
Årets Konradløp er det 14.
i rekkja. Ellinor og Kjell Arne er alt mellom dei påmelde. Men grunnen til at
vi gir nettopp dette ekteparet er stor, blinkande stjerne i margen er
fylgjande:
Dei melder seg aldri på
åleine. Kvart år kjem det eit fint haleheng av barnebarn bak namna deira. Ein
fin tradisjon. Dei står på same startstrek, skil mest truleg lag under løpet,
men kan samlast ved same bord til tidleg frukost og utveksling av opplevingar
etterpå. Kanskje ventar ein premie og kanskje kjempar somme av dei mot klokka,
andre ikkje.
I alle fall; Velledalen IL
ynskjer Ellinor, Kjell Arne og deira fylgje hjarteleg velkomne til eit nytt
Konradløp. Og neste år (2016) vert det 15 års premie på dei mest trufaste - slike som Ellinor er ein verdig representant for.