Sondre Brunstad Fet på G18-landslaget
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mar 2015
Det flyt mykje godt
velledalsblod i årane på Sondre Brunstad Fet, med mor frå Brunstad (Bente) og
far frå Fet (Steinar).
Talent for idrett har han
alltid hatt. Som 14-åring var han beste gut i årsklassa i langrenn i Møre og Romsdal
skikrins. Likevel gjorde han etter den sesongen det endelege valet; han ville
satse fotball.
FK Sykkylven vart bytt ut
med AaFK. Her har han teke dei små stega heile vegen. I 2014 var han
mestscorande på AaFK 2. I år har han fått nokre sjansar på A-laget, og står
hittil bokført med to mål.
Dei to kamp
ane mot Ungarn vert spela
på bortebane i tidsrommet 22-27 mars. Får Sondre sjansen her vert det hans
fyrste aldersbestemte landskamp. Idrettsvener i Velledalen kryssar fingrar og
ynskjer lukke til!