Trimpoststatus – skogsvegen Hjorthol
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mar 2015
Sesongen er ikkje
halvgått, men denne sesongen ser det endeleg ut til å vere Ingrid Brudevoll sin
tur. Då vår meldar var innom posten 4.mars – ganske nøyaktig sju månadar ut i
sesongen – toppa Ingrid ganske suverent med 88 turar. Neste kvinne på lista
hadde 49. Beste mann 16.
I 2014 vann polakken
Robert Rakoczy denne posten føre Ingrid Brudevoll. I år har Robert teke eit
kvileår, slik at mykje tyder på at toar i 2014 (Ingrid) rykkjer opp. I 2014
gjorde ho 186 turar. Ho kan fort gjort passere 200 i år.
Her er stoda skogsvegen Hjorthol 4.mars 2015:
88 turar: Ingrid Brudevoll
49 turar: Anita Hjorthol
19 turar: Evelyn Holmberg
16 turar: Jan Lade
11 turar: Lisbeth Hofer
10 turar: Svein Hjorthol,
Eldrid Myhre og Alf Petter Bøe