Nytt Christina-stunt 4. juli
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mar 2015
Bravo Christina Linnéa
Holmberg!!
Vi sveipa over
påmeldingslista til Hornindal Rundt i dag, også kalla Norges tøffaste fjelløp
av arrangøren.
Der stod det svart på
kvitt at Christina hadde meldt seg på, det som vert omtala som «Halvt løp» -
som er 38 kilometer fjelløp, med 2900
høgdemeter og elleve gjeldande kontrollpostar. Og det stod Velledalen IL
bak namnet til Christina og det likar vi. Ei «kjelle» med namnet Frida Cecilie
Hjelle var også mellom dei påmelde. Tek vi ikkje mykje feil er det syskjenbarn
av Christina, nemleg dotter til Anita Holmberg.
Vi nemner i forbifarta at
Robert Sogge hadde suksess på same distanse Christina skal ta i 2014. Men han
er førebels ikkje mellom dei påmelde.
Men Glenn Harald Tafjord
er påmeldt
på «heilt løp» -75 km, 5600
høgdemeter og 20
kontrollpostar.
Han hadde ein flott debut på same distanse i fjor, akkurat som Kjell Magnar
Berli. Kjell Magnar har ikkje meldt seg på enno, men vert garantert ein farleg
feiar i ei slik kraftprøve. Han vart nummer sju i fjor, og sette ny
sunnmørsrekord i løpet som han gjorde unna på i overkant av 12 timar.
Pr. 2. mars hadde 98
løparar meldt seg til «Heilt Løp», 33 til «Halvt».
Merk datoen: 4.juli
Start klokka 08.00 om
morgonen frå Grodås sentrum , og der alle sympatisørar av Velledalen IL kan
samlast til felles frukost på hotellet like etter start.