27. februar: Rolf fyller 60 år

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Feb 2015

Rolf Haxthow er ein
særdeles sprek 60-åring. Mannen er i jamn og allsidig trening året rundt. Han
har delteke i Birken, både på ski til fots og på sykkel. Han har fleire gonger
vore i Geiranger som deltakar frå fjord til fjell, og han har sykla
Trondheim-Oslo – seinast i 2014, på under 20 timar!!

Han har i ei årrekkje hatt
ansvaret for Idrettsmerkeprøvene i Sykkylven IL. Overgangen til Velledalen IL
skjedde det året friidretten vart skvisa ute frå Sykkylven stadion.

Rolf har fleire år bak seg
i friidrettsgruppa til Velledalen IL. No er han inne i sitt andre år som
sekretær i Hovudstyret.

Rolf er ein trottig
deltakar i lokale arrangement. Såleis vil han med deltaking i Konradløpet 2015
verte mottakar av ti års premien. Han står nemleg bokført med ni løp.
Tidsmessig nemner vi dei tre beste:


 ·
  

 17.47 i 2008


 ·
  

 18.17 i 2004


 ·
  

 18.25 i 2007

Rolf er ein likandes kar,
som i all si ferd dyrkar ein rusfri livsstil, og som vi er glade for å ha i
rekkene våre. Alltid positiv og hjelpsam – og ein av dei som har meldt seg til
teneste for Velledalen IL sitt lag under Holmenkollstafetten i mai. Han er godt
kjend med omgrepet «uløna arbeid», og praktiserer slikt i Sykkylven Sykkelklubb
og foreninga JUBA, utanom i Velledalen IL.

Med dette gratulerer vi
ein viktig MEDSPELAR, Rolf Haxthow, med 60 års dagen – ein særdeles veldreia
jubilant!

Atle