Lukkeleg friidrettsleiar
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Feb 2015
Det var glede i røysta til
friidrettsleiar, Alf Petter Bøe, då vi hadde han på «tråden» i dag.
- Eg kan melde at Hilde
Riksheim Tandstad og Andrea Berge Kastellet har meldt seg til teneste med omsyn
til Holmenkollstafetten. I tillegg har eg fått eit namn som kan tenkje seg stå
på reserveplass, så dette ser bra ut, seier nordmøringen.
Vi nemner at både Hilde og
Andrea har bestetider på 18-talet i Konradløpet, der for øvrig påmeldingane
strøymer inn, også det til glede for friidrettsleiaren.