Kjell Magnar med kraftig oppseeding
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Feb 2015
Svein Arne Nakken i langrennsgruppa er på tråden med siste nytt frå seedingsfronten, etter Furusjøen rundt. Fridtjof Fredriksen og Svein Nakken skal begge gå Vasaloppet og vert der å finne i pulje tre. Dei brukte 2.25.10 (Fritjof) og 2.25.14 (Svein), berre nokre små sekund for seint til å hamne i pulje to, der kravet var 2.25.00. Også Kjell Magnar Berli gjekk Furusjøen Rundt. Det gjorde han på 2.25.11, ei tid som seeda han opp frå pulje sju til pulje tre i Birkebeinerrennet. Det betyr at trioen Fridtjof, Svein og Kjell Magnar alle hamnar i startpulje tre i Birken, med avgang klokka 08.10. For eit race det skal bli om alle held seg friske og i form!!