Alperitt og renn-kollisjonar

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Feb 2015

Vi reknar med fleire
skarpskodde sykkylvingar prøver seg i Alperittet. Karar som Eivind Fet og
Petter Andre Aursnes har lang tradisjon med sterke plasseringar. Etter
snøproblem dei siste par åra er det tilbake til lang løype denne sesongen, som
betyr målgang i sentrum.

Men dette er også renn-kollisjonane
si helg. Sjå reportasje i Sunnmørsposten onsdag 18. februar der langrennsleiar
i VIL, Svein Arne Nakken , uttalar seg.

At Fjellsæterrunden og Alperittet vert
arrangert same dag er ikkje den største krisa for Fjellsæterrunden. Sjølv om
somme truleg vel å kike nærare på folkelivet på Stranda i staden for å gå
trimklassa/Barnas Fjellsæterrunde. Strandarane har sitt skileik-program for
ungar same dag.

Langt verre for
Fjellsæterrunden er det at det i Eidsdal vert arrangert KM i langrenn klassisk
stil 21. februar. Same dag og same stilart som Fjellsæterrunden. Dagen etter,
22. februar, vert det tradisjonsrike Honndalsrennet arrangert i Hornindal. Og
same dag arrangerer Stordal IL fristil-renn i Sparebanken Møre Cup.

For Fjellsæterrunden er
det i hovudsak trippel-kollisjonen Fjellsæterrunden – KM Eidsdal - Honndalsrennet, som er problematisk. Den er problematisk for alle arrangørane.
Og det hjelper heller ikkje på stoda at Alperittet og rennet i Stordal er lagt
same helga.

Det er dette ein kallar
dårleg terminliste-arbeid