Simo-Geir fyller 60
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Feb 2015
I6. februar fyller ein
allsidig kar 60 år. Geir Tandstad var i unge år den desidert beste
fotballspelaren av 1955-årgang i Tandstad skulekrins. Men til liks med den
beste av 1957-årgang (Bent Johannessen) og den beste i 1958 årgang (Robert
Kvam) fekk ingen av dei tunge karrierer
på VRF. Rett nok fekk både Geir og Robert A-kampar, men det vart volleyball som
vart Geir sin idrett, handball for Robert, medan Bent vart «slukt» av musikken.
Og slik gjekk tre gutar, som kunne vorte
«klipper», tapt for VRF.
Simo-Geir vart altså
volleyballspelar. Og med skulegang i Volda var det eit naturleg val, då KFUM
Volda var ei stormakt innan nasjonal volleyball på 1970-talet. Geir vart så god
at han kom på landslaget. Såleis burde han vore nasjonal C-kjendis, men på
grunn av at volleyball er/var ein liten idrett, vart han aldri det. I tillegg
var livsstilen til Simo-Geir for anonym og lite utagerande.
Men han har også prøvt
andre idrettar. Han fekk seg kone som var ein kløppar på ski, og anten du trur
det eller ikkje har Geir Steinar Tandstad faktisk gått Fjellsæterrunden – den tida
arrangementet var ei storslagen massemønstring.
Yrkesmessig vart han lærar
og småbrukar. No mest lærar, for tida i heimekrinsen, Tandstad. Han var ein
lengre periode lærar i Velledalen, før skulen vart privatisert. Han har såleis
god kjennskap til dei sportslege kvalifikasjonane i mange årgangar i Velledalen
IL sitt nedslagsfelt.
Hans sportslege rulleblad
fortel at han har lagt bak seg Konradløpet fem gonger. Det betyr den høgthengande
Konradmedaljen i gull 1. mai 2015. Som mange andre tidlegare idrettsutøvarar
likar Geir sjå at andre piner seg. Difor kan han vere observert som tilskodar
frå tid til anna. Eksempelvis i motbakkeløpet «Opp på Bruna» - der han som
norsklærar har ei klokkeklar meining om kva som er rett skrivemåte; «Bruna»
eller «Brune».
Den diskusjonen skal vi
vere varsame med å nøre opp om her. Vi gratulerer VRF sin tidlegare
midtbanespelar av 1955-årgang med dagen 16. februar, og nemner til slutt at
mannen er ihuga og brennheit Liverpool-tilhengar. Han har vore på Anfield – og mannen
meistrar gitarspel. Begge deler «gull verdt i ei oppreva og usportsleg verd»,
ville Flettfrid Andresen ha sagt i sine glansdagar.
Kos deg på dagen !
Jomar