Årsmelding friidrettsgruppa 2014
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Feb 2015
7. og 8. februar tok
trioen Asbjørn Tandstad, Svein Ole Sørensen og Alf Petter Bøe dommarkurs i
friidrett i regi av Møre og Romsdal Friidrettskrets.
I april vart det
underteikna friidrettsavtale mellom Ikornnes IL, Sykkylven IL og Hundeidvik IL.
Målsettinga er å få til eit meir aktivt friidrettsmiljø i bygda, og at det nye
anlegget på Ikornnes skal bli mykje brukt.
30. april samla Minikonrad
133 deltakarar (ny rekord, den gamle 112) og ti timar seinare møtte 322 på
startstrek under hovudløpet. Samla deltaking på 455 er nest hittil. Kari-Anne
Tryggestad Ryste, Sunnylven IL sette ny løyperekord mellom kvinnene med 18.09
Under årets
Holmenkollstafett stilte VIL lag for fyrste gong på 30 år. Stor takk til Sverre
Gunnar Brunstad, Roger Malvin Hole og Hilde Riksheim Tandstad. Utan deira
innsats både som løpar, og å skaffe andre som kunne springe, hadde det blitt
vanskeleg å stille lag.
VIL-laget i miksa klasse
vart premiert etter235.plass av 1520 fullførande lag.
I Koldabakken Grand Prix
fekk vi nye rekordar i begge klasser. Andrea Berge Kastellet (1.50) og Kjell
Magnar Berli (1.24) sørga for det.
I august var VIL
medarrangør under «Opp på Bruna» i Straumgjerde. Kjell Magnar nr 2 på 19.02.
Laget vårt vart nummer to
(tid: 1.53.50) i stafetten Sykkylven Rundt, bak FK Sykkylven (1.51.31). Dette
var eit fellesarrangement mellom VIL, Sykkylven SK og Stamina.
11. oktober vart
Ramstaddalsløpet arrangert. Heile 61 løparar (ny rekord) i alderen to til 85 år
bidro.
Vil spesielt trekke fram
Olaf Øien og Kjell Magnar Berli som har hatt mange gode prestasjonar og fine
plasseringar i året som har gått.
For friidrettsgruppa
Alf Petter Bøe
leiar