Resultat Furusjøen Rundt
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Feb 2015
På ein vakker dag her i Nordvest, der seedingsrenna
Tverrfjelldilten (Markane) og Skardilten (Molde) vart arrangert, valde
kvartetten Fredriksen, Nakken, Berli og Jensen ta turen til Austlandet og det
større rennet Furusjøen Rundt.
Av resultata ser vi at tre
av karane har gått mykje godt likt over målstreken. Seedingsmessig har truleg
Kjell Magnar forbetra startposisjonen i Birkebeinerrennet, der han før rennet
var seeda til pulje sju.
RESULTAT:
25-29 år:
10. Kjell Magnar Berli,
Velledalen IL, 2.25.11
45-49 år:
4. Fridtjof Fredriksen,
Sykkylven IL, 2.25.10
5. Svein Arne Nakken,
Velledalen IL, 2.25.14
55-59 år:
36(?) Karstein Jensen,
Velledalen IL, ………
Av ein eller anna grunn er
det ikkje lagt inn tid på Karstein Jensen i arrangøren si resultatliste