Konradløpet 2015 – Påmeldingsnytt nr.1
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Feb 2015
Det er to og ein halv
månad att til Konradløpet 2015. Det er opna for påmelding, og vi slapp vente
lenge på dei raskaste.
Fyrst ute med påmeldinga
vart to debutantar. Det ein må kalle langvegsfarande, sjølv om opphavet er
nært. Terje Langelo og Mari K. Skoglund Langelo har bustadadresse Hafrsfjord,
men Mari er velledaling av opphav, Terje frå Stranda. Vi håper 1. mai vert ei
positiv oppleving.
I same slengen nemner vi
at Svein Arne Nakken vart den raskast påmelde frå Sykkylven kommune. Han har
gjort slik mange bør gjere: FAMILIEPÅMELDING.
Av velledalingane var
Hans-Olof Holmberg raskast på avtrekkjaren.
Det vil kome fleire «Påmeldingsnytt»
med jamne mellomrom utover vinteren/våren.
Påmeldingslinken står på
frontsida til Velledalen IL, eller ein kan melde seg på gjennom herrane:
Alf Petter Bøe
Atle Hole