Henrik Johan til innandørslandskamp
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Feb 2015
Henrik Johan Holmberg sin
sterke innsats i Innandørs-NM i Steinkjer vart lagt merke til. Komande helg er
han teken ut på det norske landslaget som laurdag 14. februar skal duellere mot
Finland, Danmark/Island og Sverige i Bærum Idrettspark.
I duoen som
skalrepresentere Noreg på 60 meter hekk finn ein mykje sunnmørsblod, nemleg
Karsten Warholm frå Dimna IL og Henrik Johan Holmberg frå VIK IL. I høgdehopp
vert Sindre Gelius Eikje, ein slektning av Jon Gelius, Henrik sin makker. Eikje
kjem frå Haugesund IL.
VIL-Nett fylgjer med, og
ynskjer Henrik Johan hell og lukke frå start til slutt gjennom sine to øvingar.