Les rapport om fleire spreke menn og kvinner
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Feb 2015
.jpg?width=1024&quality=90)
Underteikna og Per Olav Sætre er
nevnt under Holmenkollmarsjen. Tenkte at eg ville nevne at mellomste Sætre,
Steinar gjekk halve marsjen. I tillegg gjekk Frode (Vik) Støylen heile
HKMarsjen (81-modell frå Vik). Frode er for øvrig ein blodseriøs kar og trenar
bra. Står på venteliste til Norseman og er (so vidt eg veit) påmeldt til ein
Ironman-konkurranse i Wales på seinsommaren 2015.
Vil i tillegg nevne at
eldste Tyssing (vi er 4 stk i heile verda) og sambuar May Brit Tømmervik
gjekk Sydtirol Moonlight Classic i Seiser Alm (Italia). Pappa gjekk 30 km
og MB 15 km.
http://www.moonlightclassic.info/en/information.html
Løpet gjekk søndag 4. januar. Løpet
går med haudelykt på kveldstid. I følge høvdingen, så var løpet ein framifrå
opplevelse. Flott natur, mykje folk og musikk langs løypa. Ca. 650 høgdemeter.
Legger ved bilete frå tilvenningstur i område.
Resultatliste:
(generell):
http://services.datasport.com/2015/winter/moonlightclassic/
(for deltakarar på T):
http://services.datasport.com/2015/winter/moonlightclassic/ALFAT.HTM
Pappa si tid: 2.28.31
Mvh
Njål