TYSSING OG SÆTRE

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Feb 2015

Velledalen IL har eit breitt kontaktnett anonyme tipsarar utover landet. Både i byar og grisgrendte strok. Fleire av desse kjem med nyttige tips. Som at herrane Njål Tyssing og Per Olav Sætre også var mellom deltakarane i Holmenkollmarsjen – og at begge nådde mål på særs respektable tider. Njål Tyssing kom inn på 3.43.14 i klasse 30-34 år og Per Olav Sætre på 4.02.52 i klasse 35-39 år. Nokon betre…?

Kjenner andre nokon med sterke – eller svake for den saks skuld – band til Sykkylven, kan det kvalifisere til merksemd på VIL si nettside om dei tør ha startnummer på brystet.