Konradløpet – Påmeldinga i gang
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2015
Om kort tid får du namna
på dei raskast påmelde i 2015. Og det vil med jamne mellomrom kome «PÅMELDINGSNYTT»
frå løpet som vert arrangert med start frå Brunstad, 1.mai klokka 05.00. 4500
meter – med helse i kvar av dei.
Årets arrangement er det
14. rekkja. Opplegget vert som før. Minikonrad kvelden før(30.april), med
premieutdeling i grendahuset. Det vert gratis frukost etter hovudløpet
Startkontingenten for
Hovudløpet 1. mai vert:
Born: 100
Vaksne: 150
Familie: 350
Som ein ser særs gunstig
familiepris.
Løpet har som vanleg raus
premiering frå lokalt næringsliv
Påmelding her