Svein og Fridtjof premierte i Stenfjellrunden
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Jan 2015
Vår eigen Svein Nakken og
kompanjong Fridtjof Fredriksen starta begge i klasse 45-49 år. Totalt samla det
42,5 km lange rennet 800 deltakarar. 120 av desse var påmelde i Svein og
Fridtjof si klasse.
Begge sykkylvsløparane var
mellom dei 40 premierte i klasse 45-49 år. Svein kom inn på tida 2.34.51, som
heldt til plass nr 28. Fridtjof noterte2.35.20, og vart med det nummer 30.
På telefon frå Austlandet
seier Svein fylgjande:
- Fridtjof opna
best. På det meste hadde han eit føresprang på eit par hundre meter. Men frå
15-16 kilometer gjekk vi i lag store deler av rennet. Diverre var gliden min
under pari, men det vart likevel ei god gjennomkøyring.
Også Olav Brunstad – i klasse
60-64 år – deltok. Han kom i mål i underkant av tre timar
Best totaltid i
herreklassa hadde Simen Engebretsen Nordli med 2.06.15. Lin Iren Sætre hadde
beste kvinnetid på 2.31.11