Tvillingar i 110
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jan 2015
Her er begge med under arr.Konradløpet 2012
Dei fekk dei to
velklingane namna Ove Inge og Kai Roger. Ser du ikkje skilnad på dei to, tilrår
vi ein synstest, men kort sagt; Ove Inge er den største, Kai den minste. Ove
bur på Hole, Kai er næraste nabo til Dalemyra grasbane.
Oppvekst i Holegarden på
1960- og 70-talet var einstydande med ein aktiv barndom. Ove og Kai var dei
yngste i ein stor kameratflokk som stort sett dagleg heldt saman, sommar som
vinter. Det gjekk i leik og idrett, kortspel, eggsamling og fiske – både lovleg
og ulovleg. Hesteskokasting og gardsarbeid, fjellturar, klinkekuler og lappis. Dette
var tida då Holebøane om vintrane var proppfulle av kryssande skispor i alle
retningar, vaksne menneske var heime i alle heimar når ungane kom frå skule, og
ungar stod i kø for å delta når VIL arrangerte klubbrenn. Ingen hadde høyrt om
ADHD, dysleksi eller kyssesykja, men kanskje var det nettopp det vi hadde.
Ingen mobiltelefonar, ingen skjermar å kike inn i, berre ein einsleg
fjersynkanal, der sendinga starta klokka 18.00 med 20 minutt barne-tv. Ei
kjærkomen pause i leiken… Og noko av det viktigaste; vi aktiviserte oss sjølve.
Ei heilt anna verd, på mange felt ei betre
verd, vil mange hevde.
Tilbake til tvillingane. Begge
hadde anlegg for idrett. I unge år dreiv dei handball på IL Ringen, fotball i
VRF og friidrett og langrenn i Velledalen IL. Ove vart KM-vinnar i lengdebyks
(som Sigvart Velle ville sagt) på Skodje i 1978, med resultatet 2,83 meter. Kai
har ganske mange A-kampar på VRF. Utanom spelar hadde han rolla som uløna, spelande
sosialsjef i VRF. Begge var solide stafettløparar og var sikre kort på
VIL-laget i Holmenkollstafetten.
Ulike verv har begge hatt
i idrettslaget, mellom anna i Hovudstyret. Ove er der den dag i dag som
kasserar. Vil du gle han på dagen så kan du gjere ei medlemsinnbetaling i
Velledalen IL, nettopp i kveld, 30.januar, på kasseraren sin 55 års dag (Sjå
kontonummer på frontsida).
Kai sit for tida som øvste boss i
Velledalen grendahus. Med nyoperert hofte er han spenstigare enn på lenge.
Felles for Hau-tvillingane
er at dei er pålitelege karar. Difor er dei sjølvskrivne kort i Konradløpsstaben
– kvart einaste år. Begge smidde i heilstøypt «ved», og forma gjennom ein god
barndom, avløyst av påverknad frå Velledalen sin kanskje beste årgang i moderne
tid – 1960-årgangen.
VELLEDALEN IL GRATULERER
TUNGT MED 110 ÅRS DAGEN
!!
Atle Jomar