Det Store Folkerennet 29.mars

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jan 2015

Onsdag 28. januar vert
fyrste rennet i nyskapningen «Fjellsætercup» arrangert i den nye lysløypa.
Dette vert eit lavterskel-renntilbod til unge og gamle, der løparen startar når
vedkomande vil i tidsrommet 18.00-19.30. Tilbodet er eit samarbeidsprosjekt
mellom Sykkylven IL og Velledalen IL. Meininga er at dette renntilbodet går fem
gonger i løpet av sesongen, med kring 14 dagar mellom kvart renn.

Elles nemner vi desse renndatoane:

21. februar:
Fjellsæterrunden

25. februar:
Bygdameisterskap i langrenn (lysløypa)

29.mars: Det Store
Folkerennet.

Det vil også bli eit
opplegg med skiinstruksjon for dei yngste, noko vi kjem tilbake til her på
nettsida.