«Årets VIL-kvinne» kåra
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jan 2015
Velledalen IL er inga «likestillingsbedrift».
Mannfolka styrer det meste. Dei har leiaren i hovudstyret, i tillegg til
gruppeleiarane i trimgruppa, langrennsgruppa og friidrettsgruppa. I dei to
sistnemnde gruppene har kvinnene heilt meldt seg ut. For tida er dette - diverre - to reine mannfolkgrupper.
Difor var det på sin plass
med ein kvinnepris. Under Idrettsgallaen 10. januar vart denne prisen delt ut
til Marit Hole. Ho sit både i trimgruppa og i hovudstyret. Juryen meiner ho
skal ha prisen fyrst og fremst for innsatsen i samband med Konradløpet og Førjulsmessa.
Under Konradløpet gjorde ho ein kjempeinnsats i premiekomitéen (saman med
Odd-Kåre Fet), for så siste kveld/natt hoppe over som ansvarleg for frukosten.
Ein særs viktig – og krevjande – dobbeltfunksjon.
Under Førjulsmessa 2014 var Marit ansvarleg
for innkjøpssida, i tillegg tok ho tak der det var behov gjennom heile helga.
Vi gratulerer Marit med
særdeles fortent pris!