Fredrik Nilsen påmeldt i Birken
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jan 2015
Birkebeinerrennet frå Rena
til Lillehammer vert arrangert 21. mars. På grunn av avlysinga i 2013 har ikkje
deltakarane hatt hastverk med påmelding dette året. Men no melder arrangøren at
påmeldinga sig på i raskt tempo.
Då vi var innom listene
over påmelde frå kvart idrettslag, stod Velledalen IL oppført med Fredrik
Nilsen i klasse 25-29 år og Svein Arne Nakken i klasse 45-49 år. Venteleg vert
det ein stad mellom 4-6 løparar som kjem til å representere VIL under årets
renn. I alle fall reknar vi Kjell Magnar Berli og Karstein Jensen som relativt
sikre.
Fredrik Nilsen er klar for
renn nummer to. Kanskje minnest somme at han for nokre år sidan duellerte tungt
på Bastian Skogvold, og gjorde ein flott figur vurdert ut frå startposisjon.
Det store spørsmålet i Velledalen akkurat no er: Stiller Bastian Skogvold i år…?