Loggrapport Velledalen IL 2014
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jan 2015
DESEMBER 2014 – LYSLØYPEOPNING
·
3. desember vart
tidlegare VIL-medlem, Jan Lade, 70 år
·
4. desember runda
ein trufast Konradløp-deltakar 75 år – nemleg Per Svein Tandstad.
·
7. desember
løyvde VIL-styret pengar til gode føremål: 2500 kroner til Nissemarsj i regi av
barnehage og skule i Velledalen, 2500 kroner til skyttaren Kristbjørg Dale
Bolstad og 5000 kroner til Juba for organisasjonen sitt gode barnearbeid
·
I løpet av
desember vart det klart at trimpostvinnaren
samanlagt i 2014 heiter Inger Riksheim med 3018 poeng. Dei øvrige på topp-10
lista: 2. Solveig Olsen, 3. Ivar Flo, 4. Arnhild Linga, 5. Torhild Skogvold, 6.
Anne Lise Hjelle, 7. Elling Hole, 8. Grethe Fet, 9. Odd-Kåre Fet, 10. Astrid L
Drabløs.
·
Kring 10.
desember vart den nye lysløypa i Ladalen opna med ein enkel kakeseremoni og
teken i bruk av ivrige skiløparar i alle aldrar.
·
17. desember
melde VIL-Nett at Velledalen IL hadde meldt på lag til Holmenkollstafetten 2015
(andre helga i mai).
·
18. desember vart
æresmedlem Paul Hole 85 år. Gåva frå
Velledalen IL var ein handduk med påskrifta «1949 – 4.24.4». Som symboliserer
tida han sprang på (4.24.4) då han i 1949 henta heim ein historisk KM-tittel
til Velledalen, som vinnar av 1500 meter for junior
·
I dagane før jul
delte VIL ut sponsorblomar frå Holmberg gartneri til æresmedlemar og enkjer
etter slike + julekort til alle medlemar.
·
25. desember vart
det klart at Ådne Alf Brunstad vart vinnar av VIL sin store julekonkurranse. På
dei neste plassane kom Anita Mosby Nakken, Hilde Riksheim Tandstad og Svein
Arne Nakken.
·
26. desember
deltok 69 personar i trimgruppa sin årvisse Romjulsmarsj. To mindre enn i 2013.
·
27. desember
avslutta Olaf Øien det sportslege året med bravur under Nyttårsmaraton i
Ålesund. Olaf vann klasse 70-74 år på fine 1.58.30 på snøføre
·
Desember gav VIL
1199 grasrotkroner. 17 574 på heile året. Takk til våre 68 støttespelarar!
·
2014, eit år med
lite snø og mykje finevêr, gjekk så over i historia
Atle Jomar Hole