Loggrapport idrettsåret 2014
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jan 2015
OKTOBER/NOVEMBER 2014:
·
3. oktober tok
seks personar idrettsmerkekrava på Dalemyra. Seinare kom fleire til, slik at vi
alt var elleve som gjennomførte prøva i 2014
·
11. oktober vart
Ramstaddalsløpet arrangert. 61 løparar i alderen to til nær 85 år var i sving.
Laget brukte 3.55.24 på den 51 km lange turen.
·
18. oktober runda
Per Helge Frøysa 60 år i god tilstand, mellom anna fordi han har ti Konradløp
på innerlomma.
·
19. oktober vart
Konrad Strømmegjerde Helle døypt, ei hending som fauk direkte til topps på VIL
si facebookside. Heller ikkje seinare på året greidde nokon straffe ny-Konrad
sine 61 «likes». Velledalen IL gav, som lova, 3000 kroner i dåpsgåve.
·
26. oktober hadde
vi på prent at Sondre Brunstad Fet kom på andreplass på scorings-statistikken i
3.div avdeling 8 med 20 seriemål.
·
Same dag melde vi
at Sverre Gunnar Brunstad brukte 1.18.21 under KM i halvmaraton for Akershus - ei tid som heldt til KM-gull.
·
27. oktober var
turen komen til Anna Brunstad. Barnebarnet til Kirsti og Ludvik Brunstad vart
NM-vinnar i juniorfotball for Stabæk
·
I løpet av
oktober og november vart fylgjande trimpostvinnarar utropte: Elling Hole
(Myrdalsfjellet og Holemarka), Nils Terje Skylstad (Holetindane), Robert
Rakoczy (Skogsvegen Hjorthol), Anita Hjorthol (Koppen), Magnus Ødegård
(Brunstadsætra),Torhild Skogvold (Vellesætra), Håkon Fedt (Høgsætra Fet),
Annlaug Lervåg (Skogsvegen Drabløs), Inger Riksheim (Bruna), Robin Urke Brunstad
(Regndalen), Grethe Fet (Skogsvegen Fet), Ivar Flo (Dammen Riksheimdalen) og
Linda Kristin Øye (Hytta Brunstadkølen)
·
8. november vann
Sverre Gunnar Brunstad 10 km under vinterkarusellen i Ålesund med tida 35.42.
Friidrettsleiar Alf Petter Bøe brukte 19.43 på fem kilometer og vart nummer
tre.
·
15. og 16.
november vart Førjulsmessa arrangert i Velledalen grendahus i spann med VRF og
Velledalen Skulekorps. Vellukka messe med mykje folk, god stemning og nøgde
utstillarar. Ragnhild Hovet vart juledukvinnar
·
18. november var
det Robert Sogge sin tur til å passere 40 år
·
21. november vart
Karl Egil Brunstad, mannen som skaffa rekordhaldaren i Konradløpet (Ibrahim),
60 år.