Rapport om VIL-idrettsåret 2014
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2014
JUNI/JULI – 2014
·
3.
juni vart Berth Wilhelmsen, Sunnmøre sin Birkebeinerkonge, 70 år
·
Nibbeløpet
Geiranger, 9. juni.: Olaf Øien vann klasse 70-74 år på 2.56.11. Svein Arne
Nakken persa seg med tida 2.27.22 i klasse 45-49 år (6.pl). I Nibbeløpet Mini
leverte Sivert (25.52) og Andreas Nakken (25.55) flotte løp i klasse gutar
under 12 år.
·
Nibberittet
sykkel. VIL-medlem Per Steinar Linga vart nr 15 av 142 startande i kl. 40-49
år. Best av mange sykkylvingar med tida 1.20.05
·
Pe-Tomasz
persa med ti minutt (2.38.14), då han saman med andre polakkar sprang
Nibbeløpet til ære for sin nyleg døde bror Jarek.
·
14.
juni vart Birkebeinerløpet arrangert med kring 10 000 påmelde. Frå VIL
deltok desse: Kjell Magnar Berli nr. 21 i kl. 25-29 år med tida 1.22.35 (ny
pers). Jens Christian Hole nr. 186 i kl. 30-34 år på 1.42.18. Karstein Magne
Jensen nr. 409 i kl. 50-54 år på 2.17.32
·
21.
juni tok Brunstadekspressen, Sverre Gunnar Brunstad, NM-sølv i maraton i klasse
45-49 år i Tromsø. Tid: Sterke 2.44.16
·
Klubbmeteorolog
Berth David Wilhelmsen, vikar for Per-Gunnar Holmberg, spår 22. juni ein snørik
vinter i 2014/2015.
·
28.
juni sykla VIL-sekretæren, Rolf Haxthow, Trondheim-Oslo (540 km) på den flotte
tida 19.42.06
·
29.
juni melde VIL-Nett om skyttarsølv i NM til Kristbjørg Dale Bolstad. Staden var
Elverum, avstanden 50 meter og denne gongen utandørsskyting.
·
5.
juli kom Kjell Magnar Berli på delt 7. plass i ekstremløpet Hornindal Rundt - 75 km langt og 5600 høgdemeter samla stigning!! Tida hans, 12.25.12, er beste
tida levert av ein sunnmøring i løpet si femårige soge. Også Robert Sogge og
Glenn Tafjord imponerte i «Honndalen» denne dagen.
·
17.
juli vart Einar Fet, tidlegare tungvektar i lokal idrett, 70 år
·
19.
juli, i kvass varme, vart Robert Sogge klassevinnar i Mefjellet Opp
·
22.
juli vart Johan Svindset, tidlegare målmann og noverande loddseljar i
særklasse, 80 år.
·
26.
juli vart Jordbærdilten arrangert i Valldal. Som vanleg jamt mellom
Nakken-tvillingane. Sivert nr. 11 på 16.17, Andreas nr. 13 på 16.26, i klassa
som heitte 15 år og yngre (Litt å gå på aldersmessig med andre ord)
·
28.
juli gratulerte vi Gud si femårs-gåve til idretten i Velledalen, Reidar
Bremerthun, med 70 års dagen.