Velledalen IL – loggrapport frå idrettsåret 2014
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Des 2014
JANUAR/FEBRUAR:
·
15. januar vart
æresmedlem Fridtjof Drabløs 95 år
·
19. januar deltok
Velledalen IL med stand under «Idrettens Dag» i regi av Sykkylven Idrettsråd i Sykkylven
Storhall.
·
Fredag 24. januar
vart det meldt at Jo Andre Tandstad var raskast ute med påmeldinga til
Konradløpet 2014
·
28. januar heldt
Velledalen IL årsmøte – Atle Hole attvald som leiar
·
I månadsskiftet
januar/februar vart Odd Kvammen sin film om Konrad Brunstad vist fleire gonger
på BUAS – det vart meldt at den tok BUAS med storm.
·
7. og 8. februar
vart det halde dommarkurs i Sykkylven i regi av Møre og Romsdal
Friidrettskrins. Frå Velledalen IL deltok: Alf Petter Bøe, Svein Ole Sørensen
og Asbjørn Tandstad. Kurshaldar: Sigmund Julshamn
·
Tysdag 11.
februar melde Velledalen IL sin klubbmeteorolog, Per-Gunnar Holmberg, at
Fjellsæterrunden 2014 (terminfesta 23. februar) kom til å ryke. Og han fekk
rett,; den vart avlyst for andre år på rad.
·
15. februar var
Velledalen IL representer med tre utøvarar under turlangrennet Furusjøen Rundt
i Kvam. I sine respektive klasser fekk dei slike plasseringar: Svein Arne
Nakken (nr.14), Kjell Magnar Berli (nr. 17) og Karstein Jensen (nr. 50).
·
Tysdag 18.
februar la mangårig VIL-medlem, Hallstein Drabløs, ned ferdastaven.
·
23. februar vart
VIL-medlem Ivar Arne Flo, «Kongen av Riksheimdalen Trimpost», 70 år.
·
26. februar melde
VIL-nett at tre hoggormar «sperra vegen» då to unge damer skulle innom
trimposten i Holemarka. Ormane ensa ikkje kvinnehyl, vart det meldt.
I morgon kan du lese kva
som hende i månadane mars/april.